Ånei, så tungt, Blåklokke78! Sender deg mange styrkeklemmar
Var dette forsøk #2 på barn #2? Må vera ekstra tøft når økonomien også skapar bekymring oppi alt dette andre som er vanskeleg og tøft - og klokka som tikkar for oss modne damer i tillegg. Har du partnar som er med og bidrar økonomisk og emosjonelt, eller prøver du på eiga hand? Det er iallfall viktig å ikkje pådra seg gjeld som risikerer å bli uhandterbar i lang tid framover pga forsøka... Når det gjeld det økonomiske, er eg og mannen enn så lenge i ein heldig situasjon, men det kjem jo sjølvsagt an på kor langvarig denne prøvinga blir og vår jobbsituasjon. Men eg synest det er knalltøft nok som det er uten den økonomiske bekymringa også... Ta vare på deg sjølv!