Hei gode venner her. Takk for at de tenker på meg!

Beklager stillheit frå meg, har fått ein solid knekk etter desse intensive vekene... Puh, kor skal eg begynna oppsummeringa?
Vel, får begynna med at gjennom rutineundersøkingane hos OLGA blei legane bekymra for hjerterytmen min og mogleg mageproblem. Dette kom veldig brått og uventa på meg då eg eigentleg ikkje har hatt symptom. Legane i St. Petersburg tar dette alvorlig. Dei meiner ikkje at det har innverknad på fertiliteten, men dei vil ha dette utreda og helst løyst før ein eventuell graviditet med tanke på mi helse. Som sagt, veldig overveldande det heile, men samtidig er eg jo takknemleg for at dei verkeleg gjer grundige undersøkingar av sine pasientar. Eg fekk litt medisinar som eg skal begynna med forsiktig, i tillegg til at det blei anbefalt at eg får henvisning til både kardiolog og gastromedisinar her heime...
Og så på lørdag var det tid for hysteroskopi. Mildt sagt intensiv veke! Eg som aldri har hatt narkose før hadde plutseleg to på ei veke... Sov utruleg dårleg gjennom heile veka pga nervøsitet. Men samtidig glad for at me fekk maksimert tida vår der, sånn at eg ikkje må reisa tilbake igjen kun for hysteroskopi. Vel, prosedyren var ganske lik som under egguttak, men eg låg på ein benk og ikkje gynstol. Eg var mindre nervøs i forkant, men like nervøs akkurat før dei gav meg narkosen. Men dei tok heldigvis godt vare på meg og eg sov meg gjennom det heile. Denne gongen klarte eg ikkje å gå på beina tilbake til rommet slik som etter uttaket, kanskje fordi dosen var større, så dei måtte finna rullestol (!) til meg. På rommet fekk eg slappa av og blei servert frokost, så det var fint. Og etterpå hadde me møte med legen vår og fekk sett på filmen frå livmora mi!

Det var jo heilt vilt å sjå! Heldigvis gjorde dei ingen store funn. Dei såg litt blodkar og pittelitt arrvev frå forrige graviditet som dei fjerna og så undersøkte dei denne eggledaren nøye. Heldigvis konkluderte dei med at det ikkje var væske der og at eg ikkje treng å fjerna den. I tillegg tok dei masse prøvar som dei ikkje har fått svar på enno. Det var også ein del andre ting om infeksjonar osv som eg ikkje heilt fekk med meg i narkoserusen

, men som eg uansett skal ha behandling for. Me fekk med oss ei megalang liste ned til apoteket og handla inn masse medisinar for behandling både no i etterkant av hysteroskopi og i samband med forhåpentlegvis innsett i nær framtid. + litt medisinar til hjerte/mage i mitt tilfelle. Ganske overveldande med så mykje medisinering, men eg får stola på klinikken.
Og så på kvelden kom me oss omsider av gårde, men flyet frå STP var forsinka, så me mista kveldsflyet til Oslo og måtte overnatta i Tyskland uten bagasje...

Det var verkeleg elendig organisert i Tyskland, men etter mykje styr fekk me til slutt hotell. Vel framme i Oslo var det rett på obligatorisk koronatest som heldigvis var negativ. Og no har me vore i karantene sidan, men det går fint sidan me kan ha heimekontor.
Har kontakta fastlegen min, som også blei overraska over utviklinga med tanke på hjerte og mage. Han har no henvist meg til både kardiolog og gastromedisinar, så no håpar eg at det ikkje tar så lang tid å få time.
... Eg har spart dei beste nyheitene til slutt. Me har ein blastocyst av beste kvalitet 4AA!!!

Det kjennest fantastisk med tanke på kor få egg eg fekk ut. Det andre embryoet slutta dessverre å utvikla seg på dag 3. Mista veldig håpet då eg fekk den beskjeden, men me blei desto meir glade då me fekk vita om blastoen vår. Så no er det blitt tatt biopsi av blastocysten vår som er blitt sendt til Russlands beste laboratorium for gentesting. Me håpar så inderleg at embryoet har eit normalt antal kromosom!!!


Me får ikkje vita dette før rundt 15.02, så det er berre til å smøra seg med tålmodigheit. Viss embryoet er friskt, skal me begynna å planlegga for innsett, parallelt med at eg tar tak i dette med hjertet og magen. Trur blant anna dei vil gjera ein «training cycle» før innsett i tilfelle. Og viss embryoet ikkje er friskt, må eg jo dessverre i gang med ny stimulering igjen, men veit ikkje når det eventuelt vil skje.
Er fortsatt i restitusjonsmodus etter alt dette... Men må seia at eg er imponert over detaljnivået til klinikken og kor grundige dei er. Tok jo alt av både blodprøvar, urinprøve og vaginale prøvar på nytt der også. Og me blei veldig godt tatt vare på. Det var også fantastisk å snakka med andre langtidsprøvarar, blei best kjent med tre svenske damer som prøver på eiga hand. Koseleg!
Men kjenner meg totalt utslitt, så treng tid på å henta meg inn igjen. Prøver fortsatt å fokusera på eit lite steg om gongen, men det er vanskeleg. Og dette med hjertet og magen bekymrer meg i tillegg. Men dette hadde jo mest sannsynleg ikkje blitt oppdaga viss ikkje, så trøstar meg med det. Har iallfall gjort det eg kan i forhold til det denne veka, ettersom eg både har begynt medisinering og har fått henvisningar.
Og så har eg vårt lille embryo i bakhovudet som gir håp. Prøver å tenka at det er positivt at me har fått ein 4AA blastocyst uansett om den er frisk eller ikkje, med tanke på våre vidare sjansar. Men håpar jo inderleg at blastoen vår er frisk og rask!

Klemmar til dykk alle