Hei igjen, gode Lura. Skal få oppdatert info på deg. Kva nummer i rekka av forsøk skal du i gang med no? Kvifor gir dei dykk så låg prosent som 5% per forsøk...? Pga så få egg ut? Det er jo ikkje mykje høgare enn å prøva på eiga hand i vår alder, det var vel litt drøyt, eller?! Håpar uansett veldig for dykk!
Kva er anbefalingane til Hausken då? Meiner dei at det vil kunna vera gunstig for dykk med ERA-test?
Det blir uansett ikkje innsett på oss før august, ettersom klinikken også skal ha stengt i juli pga oppussing. Men uansett tar jo denne hjerteutredninga tid, så det er ikkje aktuelt pga det heller. Så tenker at me uansett køyrer på med uttak i august og håpar på det beste. Og så håpar eg inderleg at eg kan få eit innsett på det samme visumet som eg får for neste reise, som vil vera gyldig fram til 31. oktober.