Hei alle fine damer her, På tide med ny oppdatering frå meg. Var i forrige veke hos kardiolog og gjorde både 24-timars EKG av hjertet og ultralyd av hjertet. Både gode og dårlege nyheiter. Dei gode nyheitene er at hjertet mitt har normalt god funksjon. Så det er jo veldig positivt!! Men legen oppdaga at eg har ein liten lekkasje i ein hjerteklaff, men som ikkje skapar problem for hjertet sin funksjon som sådan. Den kan vera medfødt, eller den kan ha oppstått i vaksen alder. Men den kan tydelegvis føra til ekstra hjerteslag, som jo er mitt problem - uten at han kunne fastslå at det er grunnen... Og den andre dårlege nyheita er at eg hadde endå fleire ekstra hjerteslag enn i St. Petersburg!
Som er veldig rart med tanke på at eg var mykje mindre stressa her. Kardiologen ville gjerne få ned desse ekstraslaga før eit eventuelt innsett. Han dobla dosen av medisinar og bad meg koma tilbake for ny monitorering om ein månad. Hadde veldig blanda følelser etter dette! Men sjølvsagt jevnt over veldig gode nyheiter då med tanke på ny graviditet. Men ekkelt at eg fortsatt har så mange ekstra hjerteslag og at eg har ein lekkasje i ein hjerteklaff. Det ville gjerne kardiologen at eg skal overvåka årleg. Er samtidig takknemleg for at OLGA oppdaga dette, hadde nok ikkje blitt oppdaga viss ikkje...!! Tok også masse blodprøvar som kardiologen henviste meg til, alt frå stoffskifte til kolesterol til jern og D-vitamin og alle desse prøvane var fine.
For øvrig har eg også blitt innkalt til gastroskopi, men ikkje før i slutten av mars... Slitsomt med all denne ventinga.
Men godt å få time i det offentlege i det heile tatt då sjølvsagt.
På lørdag hadde me ein fin Skype-samtale med legen vår hos OLGA. Ho har fått oversendt journalen min frå kardiologen og skal også dela med kardiologen der. Ho sa at tentativ tidslinje for innsett er midten av april. Iiiik!! Godt å få ein dato å forholda seg til. Men dette er med forbehold om at eg får grønt lys for innsett med tanke på hjerte og mage.
Så i mellomtida må eg jo gjera desse andre undersøkingane + at OLGA uansett alltid gjer ein såkalt «Training Cycle» før innsett. Det vil sei at dei gir pasienten samme behandling som ved innsett for å sjå korleis den enkelte pasient reagerer på dei ulike dosane, slik at dosane kan bli mest mogleg optimale når innsettet skal skje. Dei gjer kun fryseforsøk i styrt syklus, ettersom omtrent alle pasientar har lang reise til klinikken.
Det var veldig fint å snakka med legen vår, ho var også superglad for at me har fått eit embryo som både er topp kvalitet og har normalt antal kromosom.
No håpar me veldig på grønt lys frå OLGA til å kunna begynna med Training Cycle i neste veke.
Denne ventinga er ganske uuthaldeleg. Er for øvrig også blitt litt svimmel av denne hjertemedisinen, som er kjipt. Men prøver som alltid å fokusera på ein dag og eit lite steg om gongen...
Men det er vanskeleg! No er me iallfall skikkeleg i gang med yoga igjen, det er fint. Og så håpar me veldig på gode nyheiter framover...
Styrkeklemmar til alle!