Hei fine folk i gruppa vår. Beklager lang stillheit frå meg… Men det er fordi lillesøster er her!!!
Babyen i magen, vårt einaste lille embryo, viste seg å vera ei perfekt lita jente. Fortsatt uverkeleg at eg kan skriva denne oppdateringa.
Blei igangsatt forrige mandag og så kom ho tirsdag kveld. Fekk først sett inn ballong som var utruleg mykje vondare enn eg var forberedt på… Måtte så gå med den i 24 timar før jordmor sjekka meg og då var eg såpass moden at ballongen datt ut av seg sjølv og dei kunne ta vatnet mitt. Dermed kunne eg hoppa over tablettane som var neste steg i igangsettingsprosessen og hoppa rett over på riefremmande drypp. Fekk på kort tid enormt sterke og smertefulle rier, men fekk heldigvis epidural, som var heilt fantastisk…!!!
Hadde ikkje det forrige gong eg fødte. Guds gåve til fødekvinna, seier eg! Var litt bekymra for at alt skulle stoppa opp med epidural, men det gjorde det ikkje og prosessen med å få full opning blei dermed betydeleg mindre smertefull enn forrige gong uten epidural. Med enormt god veiledning frå jordmor blei lillesøster fødd vaginalt og med kun ei lita rift, sjølv om lillesøster var større enn storesøster. Fantastisk! Det var altså så enormt emosjonelt å få henne opp på brystet, eg låg der og hulka av glede og lettelse for at denne utruleg lange og tøffe reisa endeleg er over og at lillesøster er her. Tenk at det er akkurat henne me har venta på heile denne tida!! No kan me endeleg ta fatt på vår nye reise som firkløver.
Det er også enormt rørande å sjå kor stolt storesøster på 6 er av lillesøster. Heilt herleg!
Er totalt utslitt, men så letta og lykkeleg!
Takk til alle her for all støtte på vegen, det har vore så viktig. Klemmar til alle og masse heiarop til dykk som fortsatt ikkje har fått ønskebarnet. Det er faktisk sant at det er kun eitt gullegg som skal til!
PS. Eg skal få gjennomgått innlegg og oppdatert oversikten vår. Hyl ut om det er noko eg har oversett!