Hei fine damer, beklager at eg har vore litt dårleg på responsen sidan sist. Har vore travelt opptatt med å fylla 40!!
Grua meg til bursdagen, ettersom eg hadde håp om baby eller vellykka gravidititet før 40-årsdagen... Men når dagen først kom, blei den veldig fin og triveleg trass lockdown. Deilig å tenka på noko anna litt, drakk til og med sjampis!
Saltvann, så no er me begge blitt 40 på oversikten vår også... Heia oss!
NyPrøver, sååå leit at fleire av folliklane var tomme. Men håpar veldig på dei to egga og kryssar alt av fingrar og tær! Har dei bestemt seg for om dei dyrkar til blastocyst eller ikkje?
Heiar veldig på deg også, Lysi, 10 folliklar er jo eit antal eg berre kan drømma om...
Håpar du får gode nyheiter på UL i morgon, at det både er mange og at dei har lik storleik.
Klemmar til alle!