Hei gode Dipsy, hos OLGA-klinikken hadde eg ultralyd før oppstart stimulering, der fann dei jo ei cyste hos meg, så stimuleringa blei utsett med ei veke. Så det viste seg at det var veldig lurt å gjera UL-kontroll før oppstart stimulering... Og no denne syklusen har eg Training Cycle i forkant av innsett for å sjå korleis eg reagerer på Progynova og progesteron, deriblant størrelsen på slimhinna. Var på ultralydkontroll i går. Heldigvis fin slimhinne på 7mm og ingen cyster på CD10.
Men blir frykteleg dårleg av denne hestekuren av medisinar eg går på... Progynova, betablokker (for ekstraslaga), aspirin og i morgon skal eg begynna med progesteron i tillegg.
Er både kvalm, har magesmerter, trøtt, vondt i hovudet og er trist, sint og irritert om kvarandre.
Uansett, eg har ikkje gjort vannskanning, men høyrest lurt ut at dei sjekkar det dei kan i forkant av innsett! Det er iallfall filosofien til OLGA-klinikken og dei er ekstremt dyktige. Kva klinikk høyrer du til igjen?