I kveld reiser eg på tur med nokre venninner. Langhelg i storby.
Dei veit at eg er gravid. Og eg tenkte i utgangspunktet at 4 dagar i veke 15 går fint. Har hatt lite plaget sånn sett.
Eneste som bekymrer meg litt er bekkenet, som sikkert vil verke etter mykje trakking. Men då tenker eg å sette meg på kafé ei stund mens dei går videre, dei har kvarandre.
Men no har eg blitt forkjøla. Har nesten ikkje stemme. Må anstrenge meg for å prate. Blir andpusten berre av å sitte i ro og prate!
Og kjenner at eg blir ekstra fort sliten av ingenting.
Så no kjenner eg at eg nesten kvir meg til turen. Eg kjem ikkje til å klare holde følge, sliten av ingenting og vondt i bekkenet. (Og snorking! Pga tettheten). Føler det berre blir belastning for dei andre.
Det er gode venninner. Men samtidig venninner uten barn, og ingen planer om å få barn. Så sjølv om dei kan seie at vi kan gjere sånn og sånn, så veit eg at innerst inne så skulle dei helst sett at eg var 110% og at dei slapp å ta noko hensyn.
Håpar eg har feil, men er ganske sikker på at dei ser på alt dette som problem. Berre den eine tingen som snorking ødelegger liksom heile turen for deira del