Wow, har du litt oppskrifter, evt link til noe eller? Det hørtes kjempespennende ut, og tror aldri jeg hadde tenkt på å lage sånn hjemme
Ja, supergodt, og veldig enkelt
Sursøt saus kjøper eg da (uncle bens) for klarer ikkje å lage den like god sjølv.
Friterer i jerngryta med rapsolje, ca 180 grader. Temperaturen er riktig når det bruser rundt eit treskaft/sleiv.
Frityrrøre, grunnoppskrift, lagar ofte litt meir.
4ss kveitemjøl, 1ts salt, 1ts olje, 1,5 dl vatn, 2eggekviter
Piskar saman alt unntatt eggekviter, og let den kvile litt. Piskar inn eggekviter rett før bruk.
Scampi får litt seafoodkrydder på seg før dei blir dyppa i røra, kyllingen kun salt og pepper.
Mangosaus:
1 mango, 1 glas mangochutney, 1 raud paprika, 1 fedd pressa kvitløk, 1 ts blank eddik, 1/2 ts knuste chiliflak
Skjær opp paprika i strimlar og varme i litt olje i steikepanna til dei blir mjuke, bland inn mangochutney, kvitløk, eddik og chili, skjær mango i strimlar og bland i til slutt. La det boble litt to-tre minutt. Brukar å blande inn ferdig friterte kyllingbitar. Denne er også god med kylling som ikkje er fritert, då steiker eg kyllingen fyrst med litt salt og pepper, og lagar heile sausen oppi saman med kyllingen
Mangosaus m/kylling: