Åh, kjære Lura, det var leit.

Håpar i det lengste at folliklane veks seg store til fredag.
DHEA har eg fått gjennom Hausken, ettersom det er reseptbelagt i Norge. Så det går ikkje an å kjøpa det andre stader enn apotek.
Når det gjeld eggdonasjon, så har eg på ingen måte gjort mykje research på dette, har berre høyrt ein del om temaet på ulike podkastar om IVF og infertilitet. No er jo me i kontakt med OLGA i Russland og har faktisk endeleg fått svar frå dei i dag!! Lovar ei lengre oppdatering om alt dette i tråden i morgon.

Dei er veldig langt framme på ED, så det er jo ein kandidat, i tillegg til klinikkar i Danmark og Instituto Bernabeu i Spania. Og trur også klinikkar i både Finland, Latvia og Tsjekkia er langt framme på ED. Men er jo dessverre lite i Norge enno då, sidan det akkurat har blitt lovleg. Veit ikkje kor lang tid det kan ta å bygga opp ein eggdonorbank i Norge...