Hei beste damer! På tide med oppdatering frå meg her... Har hatt (og har) ein veldig tøff periode som har endt med sjukmelding... For å oppsummera, så var antallet ekstraslag på hjertet fortsatt veldig høgt på siste måling, sjølv om eg har økt medisindosen. Så no vil den private kardiologen min henvisa meg til CT og MR av hjertet. Når ho har fått resultatet av alt dette, skal ho så konferera med dei 2-3 legane i Norge som faktisk er ekspertar på hjertesjukdom og graviditet. Forhåpentlegvis kan kardiologen min då gi grønt lys for graviditet, og eg kan få dokumentasjonen eg treng til OLGA. Knakk heilt saman av alt dette, ettersom eg ikkje anar kor lang tid dette vil ta og det kjennest ut som at me berre står bom fast i denne IVF-gjørma uten å koma av flekken. Kun venting, venting, venting. Har ikkje hatt innsett sidan august i fjor som endte i MA...
Kardiologen min sa til meg at hormonbehandling og langvarig psykisk stress kan bidra til ekstraslag, så kjenner at eg er inne i ein veldig ond sirkel...
Uansett, etter å ha roa ned eit par dagar, klarte eg å mobilisera nye krefter til å ta kontakt med OLGA. Oppdaterte dei om situasjonen og sa at eg ikkje veit kor lang tid denne hjerteutredninga vil ta... Spurte samtidig om dei anbefaler oss å gjera eit nytt egguttak medan me ventar, ein «høstesyklus», med tanke på min alder og låge AMH, i håp om å få ein frisk blastocyst til på frys. Heldigvis har me allerede ein PGTA-testa blastocyst med normalt antal kromosom på frys hos OLGA. Legen min var heldigvis positiv og skulle høyra med Dr. Olga sjølv om me kunne få ein høstesyklus innanfor garantipakka vår. Me har altså fått innvilga og betalt for garantipakke med 4 IVF-forsøk med eigne egg, som også inkluderer hysteroskopi (som eg allerede har gjort) og eventuelt ERA-test om det er nødvendig. Garantipakke betyr at om det ikkje blir baby, får me pengane tilbake. Problemet er jo då no at eg ikkje får gjort innsett før denne hjerteutredninga er ferdig... Uansett, onsdag kom beskjeden om at Dr. Olga godkjenner ein høstesyklus for oss! Endeleg gode nyheiter etter å kun ha fått nedslåande beskjedar i det siste!
Så no planlegg me nytt egguttak hos OLGA i august. Tanken på ny stimulering og egguttak kjennest heilt jævlig, men det kjennest verre ut å berre stå fast i ei evig hjerteutredning medan egga mine forsvinn...
Så no kryssar eg alt av fingrar og tær for at eg får koma raskt til CT og MR av hjertet og snart får grønt lys for å gjera innsett både frå legane i Norge og i Russland, at eg snart får koronavaksine (her hjelper det å vera 40!) og at eg får gjort nytt uttak i august i St. Petersburg. Det hadde vore fantastisk å få ein ny, frisk blastocyst på frys. Og så håpar eg sjølvsagt inderleg at eg faktisk får gjort innsett i løpet av høsten...
Hadde aldri forestilt meg at vegen til nr. 2 skulle bli så lang, tøff og kronglete, dette er verkeleg uuthaldeleg å stå i. Men håpar at det snart er eit lys i enden av tunnelen for oss alle sterke damer her!!!