Tusen takk for alle heiarop, de er fantastiske!!!
I dag hadde eg ultralydkontroll på klinikken og slimhinna var 10,5 mm og såg perfekt ut ifølgje legen min, HURRA!!!
Tok også blodprøvar, urinprøve og vaginale prøvar som er rutine her. Og på ettermiddagen hadde eg møte med sjukepleiar for å gjennomgå behandlingsplan etter innsett. Den er mildt sagt detaljert og inneheld behandling for alle slags scenario…!! Det er jo også fordi at eg har fryseforsøk i styrt syklus, men likevel er dei altså så ekstremt grundige at det er vanskeleg å henga med i timen.
Eg har ikkje mindre enn 11 medisinar og vitaminar på behandlingsplanen min etter innsett!
I morgon kl. 13:30 russisk tid, 12:30 norsk tid skjer det altså. Hjeeeelp!! SÅ nervøs og spent og alt på ein gong!
Lovar å oppdatera meir i morgon!!!