Veldig nytt

Ja, er vanskelig dette! Når ein fyrst har bestemt seg har ein jo lyst til at det skal skje med ein gong, og helst litt før [;)] Men om eg har lært noko her inne så er det at eg skal vera glad om me får det til innan eit år! Og at eg skal fortsetta å sei det til meg sjølv så ofta som mulig -- for eg veit at eg kjem til å bli heilt håplaus til å testa, venta og håpa frå eg svel den siste pillen [:D]

pp6 er jo ikkje så lenge (har eg lest meg til [;)]) skal sjå at spira sit snart [:)]

p-piller er eit kapittel for seg. Har vore veldig glad i dei lenge, for dei hjelper veldig på smertene tr har med seg, men no byrjar eg å bli redd for at eg har gått på dei for lenge, og at eg har tulla for mykje med kroppen og syklusen min... Ja, ja, time will show -- er nesten halvvegs i det siste pillebrettet no [:D]
 
ja det merker jeg også, god bless the birth control pills! Har fått enorme menssmerter og massive blødninger siden jeg slutta på dem ;p mens alle årene jeg har gått på pillene har jeg hatt null menssmerter og normal/liten mengde blødninger. sååå det er en annen grunn til å håpe at det går fort, så man slipper det:P
 
Ja, dei menssmertene er ikkje noko særleg [:'(] Håpar dei forsvinn fort for oss begge [:D]

I dag er det sol! Blir heilt våryr! Sjølv om bakken enda er frossen, og det slett ikkje er lenge sidan det var snø ute, har eg begynt å tenka på hagestell... no ser hagen ut som eit halvdødt kratt -- har så lyst til å få det fint! Min mangel på grøne fingrar skal ikkje få lov til å stoppa meg [;)] har byrja å lura på minidrivhus, kanskje det hadde vore noko, med agurk og tomat? [:D]

Håpar alle har ein flott dag!
 
Det hadde vært moro å dyrke sine egne grønnsaker ja !
var deilig sol her også idag, men så har vi helt enorme mengder med snø og det slutter virkelig ikke å snø heller. lover deg, snøen i grøftene vedsiden av veiene her er ca 2 meter høy:P skyldes vel littegrann pga brøytebilene også men det er myye! så man blir totalt snøblind når sola kommer i tillegg;P gleder meg masse  til sommeren jeg =D vi har nettopp kjøpt leilighet å flytta så nå har vi stor hage, stor veranda osv så spørs om det ikke blir endel hagestell ja;)
 
Så kos med hage! Har ein flekk eg og, har rekkehus så er ikkje all verden, men har lyst til å gjera det meste ut av den. [:)] Tar gjerne litt lengre tid før vårvarmen kjem til Bodø enn til Bergen, så skal kanskje ikkje klaga... men er fyrste våren i eige hus, så har så lyst til å gjera hagen "min"! Kjenner at tolmodet byrjar ta slutt [:D]

Gode tips til jordbær? Har ikkje plass til ein heil åker, men tenkte kanskje å ha i urne eller i sånn som henger frå gelenderet på verandaen?

I dag har det vore ein tung dag på jobb... likar ikkje kontorarbeid så godt. Og det blir fort altfor mange timar framfor dataskjermen. Greit med litt pausar her inne, sjølv om skjermen lyser mot meg då og. [8|]

Snart, snart, snart er det helg [:D]
 
Takk skal du ha! :)

Eg er lærar, så sit ikkje på kontoret heile tida, heldigvis! Er mykje kjekkare å vera med elevane [:)] men det høyrer vel med [8|]

Håpar du går ei flott helg i møte!
 
Då var helg og bursdagsfeiring over. Kjøleskapet er fult av restar, og eg ligg som eit slakt på sofaen. Vakna til strålande sol i dag tidleg, no er det grått og regn ute [:'(] Inspirerar ikkje akkurat til å bli så mykje meir aktivt.

Kjæraste sambuaren min tok hundane ut ein tur, og eg sovna [:D] Fine han!

Har 7 tabl igjen på p-pillebrettet... kjenner det byrjar bli verkeleg no! skal ikkje byjra å prøva aktivt før etter sumaren, men har gått på pillen ganske mange år, så tenkte det kan vera lurt å slutta no -- sånn at kroppen kanskje nærmar seg normal rytme når me går i gang for fullt. Om det skjer eit "uhell" før den tid, så er det heilt greit [:D] sjølv om eg har slutta å tru at det kjem til å skje med ein gong og utan litt "innsats".

snikleste ein tråd om korleis ein skal leva fram til ein positiv g-test. Har tre bryllup denne våren/sumaren. Blir garantert spm om eg ikkje tek eit glas vin og tre i dei... Ikkje klar til å dela at me prøver, og om me blir gravid før me prøver aktivt har eg ikkje lyst til å sei det før me har kryssa 3mnd linja... tulleting å tenka på eigentleg, men svirrar litt rundt i knollen min om dagen.

Håpar alle har ein strålande søndag!
 
Fekk kjempekoseleg tlf i går kveld! Svigersøster mi og mannen ventar nr 3! Var sabuaren min som snakka med dei så kva tid termin er hadde han ikkje peiling på, ei heller kor langt dei meinte dei var på veg. Hihi, ikkje så mykje info å få ut av han... Men utrulig koseleg! No håpar eg enda meir på at det klaffar fort for oss, for då er dei ikkje så langt frå kvarandre i alder! :) Hadde vore fint!

6tabl igjen på brettet... skal tru om me klarar venta heilt til hausten... Eg har og lyst på baby -- sitat sambo [:D]
 
Kjekt å se at det er flere som er ny og usikker på dette [;)] Skal selv starte opp med prøving nå og er helt ny på forumet! Blir spennende og håper det går fort for alle =)
 
Kryssar fingrar for det!

Kjekt med fleire som er "ny"! Er det fyrste de skal prøva på?
 
Ok... då er det berre 5pillar att, og eg har teke min fyrste folat tab. [:D]

Eg og sambuaren min sat og diskuterte namn i går... må plutseleg gå med på kompromiss, og han godtar ikkje automatisk alle mine forslag?! [8|] hihi, er mange begge liker og, så poden skal nok få eit namn når h*n kjem [:D] Er så kos å snakka om slikt, men litt uverkeleg enda.

Håpar alle har ein flott dag! (Med masse babystøv i lufta!)
 
Tusen takk Joyleaf! I lige måde!

No er det berre 4tabl igjen! [:D] merkar at eg nesten håpar på "eit uhell" før sumaren er ferdig... [:D] men skal liksom prøva å holda oss til planen, og ikkje begynna å håpa før... (jada, kjem ikkje til å begynna å testa så snart siste pillen er tatt, nei, nei... [8|])

Her er der regn, regn, regn og litt meir regn! Eine hunden min er halvt katt, nektar å vera ute særlig lenge når det er så vått [:D] søte ho.

Håpar de har ein super dag alle saman!
 
Tre pillar igjen! Det er jo ingenting!

Eit vennepar fekk sin fyrste son i natt, så utrulig kos! Gler meg til å halda og kosa! :)

I dag har vore ein maraton-dag. Fyrst på jobb, så på biblioteket, så på kurs, og no skal eg setja i gang med oppgåva som skal inn på mandag [:'(] er så lei!! Men etter skriving i kveld, på dagen i morgon og om morgonen laurdag -- så er det bryllup! Kos, kos, kos :)

Så køyring og så innlevering av oppgåva, så påskeferie og så to innleveringar til [8|]

Gler meg sånn til alle innleveringar er ferdige!
 
woho, nå er tiden snart inne [;)] Så morro [:D] Idag har jeg EL, så får smile pent til gubben etterpå

Ha en fin kveld [:)]
 
Eg er pillefri!

Kryssar for at de har hatt ein actionfyllt el periode [;)]
 
Heilt frykteleg oppblåst og vond mage i går! Venta på tr kva tid som helst, men ingenting. Kjem enten i dag eller i morgon, håpar berre det ikkje kjem på torsdag, då skal me reisa på påsketur -- fleire timar på reis, ikkje kjekt med tr og smerter då [:'(]

Men, koselegare ting, tel ned til eg kan byrja å testa etter el! Skal vera med svigers store deler av påska, og er livredd for at dei skal finna ein strimmel i søpla, så begynner ikkje å testa før etter me er heima igjen. Håpar det ikkje tek for lang tid før kroppen er i ruta igjen! Og håpar me ikkje treng prøva for lenge. Må sei eg grur meg noko frykteleg til dei menssmertene som eg veit kjem... usj [&:]

Håpar de har ein super dag alle saman!
 
Er så fryktelig å være så oppblåst og ha vondt i magen.. TR smertene er ikke noe snille de heller [>:] MEN vi får håpe at vi skal være uten TR i 9 mnd snart [;)] Kose dere masse på påsketur!! (håper du slipper å ha tr smerter da)

Ønsker deg en kjempe fin dag [;)]
 
Våknar og magen er heilt fin, utpå ettermiddagen/kvelden blir eg meir og meir øm og oppblåst. Enda ikkje teikn til tr [:'(]

Føler nesten at eg har fri i dag! Begynnar ikkje på kurs før 10! Evigheit med tid! [:D] Luksus å ha godt med tid om morgonen, men ikkje vera ferdig seinare likavel [:D]

Sola skin, og eg er i vårhumør! Vonar de har ein super dag!
 
Back
Topp