Veldig nytt

Har ikkje fått testa etter el i helga, sidan eg ikkje har vore heima, men har veldig kjente smerter i sida og ryggen i dag -- så er ganske sikker på at el er her no. Viss eg har rett så har me truffe ganske bra emoticon  Var litt fram og tilbake om me skulle prøva denne perioden eller ikkje, men bestemte oss til slutt for å prøva, og prøvd har me emoticon  Så er det berre å venta og sjå.... håpar eg har tatt feil med tanke på ikm og, for no er el her to dagar etter at eg trudde, så då blir det frykteleg kort lutheralfase i tilfelle... håpe, håpe!
 
Har frykteleg vondt i magen, særlig (sry evt lesarar) når eg går på toalettet. Er som ein klump på venstre side som stråler ut emoticon Så då byrjar sjølvsagt tankane å svirra, sjølv om eg veit at det ikkje er sannsynleg å kjenna noko så tidleg. Kjenner meg heilt håplaus emoticon  Trøtt og fæl er eg og, men det har nok mest samanheng med ei koseleg forkjøling.

Syt, syt, syt...

Har det jo eigentleg heilt fint, og om eit par timar er eg ferdig på jobb emoticon (meg i sofaen om eit par timar)
 
Lang, lang dag i dag.

Har heldigvis ikkje så vondt i magen lenger, kjenner det litt, men har gitt seg veldig. Har fått oppdatert tickeren min, så no trur eg at eg skal venta til den seier at eg kan testa... det betyr at eg lyt venta tre dagar lenger enn det eg trudde var ikm. Viss ikkje tanta dukkar opp før den tid.

Håpar alle har ein kortare arbeidsdag enn meg i dag!
 

emoticon  Her i dpo land, her kan alt gå an, her er vi like tøysete og rare alle mann emoticon

Deilig morgon saman med kjæresten min. Vekene går så fort, og det har vore så mykje som har skjedd i det siste -- luksus å ha tid til frukost saman -- emoticon
 
Helga for fort! Heldigvis hatt masse å gjera, så har ikkje hatt tid til å kjenna og lura og snika på g-testane. Har inngått pakt med meg sjølv, om tr ikkje kjem skal eg ikkje testa før på torsdag.

Skal, skal, skal klara det!

Har murringar i magen, og har i grunn hatt det ei stund. Ser at fleire som har hatt det har fått positive testar, men så kan det vel så gjerne vera teikn på at tr er på veg... skal vera fornøgd berre eg går lenger enn til i morgon før tr kjem, for i tilfelle så er lutheralfasen urovekkande kort...
 
au, au, au!

Har heilt ekstreme krampar i mellomgulvet! Stikker oppover halsen til og med!

Symptom eller berre fælt? vondt uansett!
 
I dag trudde eg var ikm, men fekk el to dagar seinare enn eg trudde på førehand.

Ingen teikn til tr enda, håpar, håpar, håpar ho held seg vekke i minst to dagar til. Er i grunn fyrste skikkelege syklus etter p-pillar, (sist var jo heilt på tulletur) så håpar iallfall syklusen no fell på plass med lenger lutheralfase enn eg trudde på førehand. emoticon
 
Enten er tr her snart i ekstrem versjon, eller så er det noko som spirer og gror

Er øm i magen, men ikkje heilt vanlig tr-øm, og er så lett påverkeleg! Eg sat og grein i sofaen i går kveld, av ingenting. Og då meiner eg INGENTING. Ingen trist film, ingenting. Heilt håplaust. Eg kjente meg heilt rusk, visste at det var tull, men klarte ikkje stoppa. Stakkars sambuaren min såg på meg og visste ikkje heilt kva han skulle gjera emoticon

Viss ingen tr kjem i dag, så skal eg testa i morgon. Uff, blir heilt tullete av dette her!

Er så trøtt at eg ikkje veit heilt kvar eg skal gjera av meg. Kan bokstaveleg talt kjenna krafta bli sugd ut av beina mine når eg går opp trappa... og svolten! Heile tida! Dette bør ha ein god grunn!
 
Då var fyrste test tatt denne pp, og den kvar blendakvit. Ikkje så veldig overraskande, men lyt innrømma at eg vart litt skuffa då det ikkje kom opp nokon strek to. Er jo litt for mykje å håpa på at det skal klaffa på fyrste pp, men...

Men enda er det ikkje  noko teikn til tr. Og ikkje minst - eg har lenger lutheralfase enn eg var redd for, og det er grunn til jubel emoticon  Er 11 dpo no, og jo lenger tr held seg unna jo gladare blir eg.

Viss ikkje tr viser seg (noko eg er redd for at ho gjer) så skal eg testa på nytt på mandag. Ikkje før, eg skal klara å ikkje testa før... (reiser på tur, og tar ikkje med test emoticon )
 
12 dpo og enda ingen teikn til tanta. Tel dagar og er glad for kvar ekstra dag eg får. No er eg på 28 dagars syklus, så likar det! (Så lenge ikkje det blir over 30dagars syklus, det er ikkje jippi)

Øm i magen, og var heilt sikker på at tr kom til å komma i går. Om ho kjem så kan ho godt komma i løpet av dagen eller morgondagen, slik at eg kan ta meg eit glas vin. Viss ikkje så kan ho godt halda seg vekke i 9mnd! Men gjerne litt voldsomt å håpa på det fyrste pp...
 
ååhhh, så spennende  Skal krysse fingrene for at tanta holder seg borte i 9mnd!!



Ja, man blir veldig skuffa når testen er blendahvit.. men snart får du to flotte streker som lyser mot deg ;o) Er lov å håpe alikevel om det er første pp da, du vet jo aldriemoticon



*sender deg MASSSSE babystøv*
 
Tusen takk Duplex  Korleis går det med deg? Sankar deg her inne, men er VELDIG glad for at du er på terminforum!

Enda ingen teikn til tr... ventar til mandag - to heile dagar til - før eg testar på ny. Prøver å sei til meg sjølv at eg ikkje skal håpa og ikkje bli for skuffa, men kjenner at eg håpar litt likevel.

Er sår og øm i magen, men ikkje på vanlig tr-vis. Er oppblåst og emoticon men det er jo også eit tr-teikn. Gru/gler meg til mandag!
 
Eg trur eg er gravid...

tok ein test i dag tidleg, og ganske kjapt kom det opp ein svak rosa strek Måtte sjekka to og tre gongar, med hjarta i halsen. Er ein strek der! Skal oppdatera med bilete i ettermiddag, har ikkje sjangs til å lasta opp på jobb. Trur det ikkje heilt før streken vert sterkare, men den er der!
 
HIPP HURRA!!!!!! Åh, nå ble jeg glad!!!

Så morro at det gikk så kjapt, gleder meg til ny oppdatering!Når blir evt menstermin da?

*hopper av glede*



Gratulerer såååååå mye med spire i magen



 
Tusen takk Duplex!

Trur eg treng eit par dagar før det går heilt opp for meg... kjem til å testa eit par dagar til før eg trur heilt på det.

Måtte ta nytt bilete av testen då eg kom heim, og den er blitt litt "bleikare" sidan i dag tidleg, men det er stadig ein tydeleg strek der

http://s1129.photobucket.com/albums/m516/lou_lou4/?action=view¤t=pgif.jpg

Søte, søte sambuaren min gav meg roser i dag emoticon

Edit:
Gløymte heilt å svara! Foreløpig termin er 12.02. Spanande!
 
Hehe, ja er enda ikke helt gått opp for meg enda.. så tar litt tid
Men DU den streken er jo kjempe tydelig!!! *HURRA*

Så snill samboer du har da!! Jeg klarer ikke blomster nå som jeg er gravid, klarer ikke lukta..hehe
Husker jeg fikk den nydelige blomsterbuketten av mannen min forrige svangerskap, måtte kaste den samme dagen pga jeg ble såååå kvalm.emoticon

Så hadde jeg sååå lyst på en bukett med pioner for 2 uker siden.. gjett hvem som ble dårlig når buketten stod i full blomst!!
 
Uff, ikkje så kjekt. Og no er jo ting i full blom ute og.

Er litt småkvalm, men ikkje noko skikkeleg enda, og blomane går det heldigvis fint med

Skal ta ny test etter helga, har ikkje heilt gått opp for meg -- samtidig som eg har byrja å sjå på barnehagar i nærleiken *riste på hovudet* Ting eg ikkje har tenkt på før: om alt går bra så skal jo småen byrja i barnehagen midt i året?! (Neida, tar aldri sorger på forskot )

Håpar du har ein flott dag! Her er det sumar, sol og kontorarbeid
 
Hei hei 

Hvordan går det med deg?
Jeg er fortsatt kvalm, må spise hele tiden så jeg ikke skal kaste opp.
Jeg klarer ikke spise godis, sjokolade som jeg elsker orker jeg heller ikke.. det er jo bra igrunn, men litt rart..hehe
Spiser en del frukt, var veldig godt med vannmelon. 
Ellers er jeg veeeeldig trøtt hele tiden, så må sove en liten lur iløpet av dagen.
Men ellers vokser lillegull i magen og er idag 9+2, så har nedtelleing til uke 12
 
Håper alt er bra med deg emoticon

 
Back
Topp