Follow along with the video below to see how to install our site as a web app on your home screen.
Notat: this_feature_currently_requires_accessing_site_using_safari
Veke 9+4 her, og har allereie gått opp 2 kg Eg trur det heng saman med at eg slutta å snuse då eg fant ut at eg var gravid (forbrenninga går jo litt ned når ein sluttar, og lysten på noko å putte i munnen går opp) og at eg har vore ekstremt sulten sidan eg fant det ut. Eg føler meg fort kvalm om det går meir enn 2-3 timar utan mat, så eg et relativt ofte, men prøvar å ete sunt og variert, slik at ikkje vekta fortset å stige i dette tempoet i vekene som kjem
Eg gjekk opp ca 13 kg førre svangerskap, og eg veier fortsatt mindre no enn eg gjorde før eg vart gravid første gongen. Så eg prøvar å ikkje stresse med vekta, og tenkjer at det meste går seg til i løpet av det første året etter at ungen er ute uansett