Var på sjukehus natt til Torsdag (pga lite liv, og fekk bli til observasjon av ulike grunner, deriblant lang kjørevei). Hadde glømt kor sjukt vonde sjukehussenger er! Dynene var tunge, putene var harde og madrassa klam. Sist budde eg på sjukehuset aleine i 1 veke pga igangsettelse og korona. Eg hadde med egne tepper, hodeputer og bbhugme. Uten dei hadde eg aldri klart meg der altså, og som med andre kom bbhugme også godt med under fødsel.
Eg pakka alt i ein stor koffert, og følte ikkje eg mangla noko då, hadde rett og slett vært flink. Det slo meg nå når eg sov der, at siden det ikkje (enda) er planlagt igangsettelse har eg heller ikkje tenkt på alt eg trenge, liksom tenkt eg ska inn å føde og rett heim

Men det blir å pakke med for mykje enn for lite uansett kjenne eg. Har ein stooor trillekoffert så planen er å fylle den opp nå, og legge ei liste på toppen over ting som må pakkes i siste liten, altså slike ting eg bruker daglig som tannkost, bbhugme, eventuelle klær osv. Har mine favorittplagg nå på tampen, som eg prøver å vaske og ha klar noko av i det minste kvar dag.
Skal også lage ei liste over mat og drikke eg vil ha, men som ikkje kan ligge i bagen klar. Som yoghurt, frukt, sjokolademelk osv. Blir det spontan fødsel på natt er det ikkje krise om me ikkje får kjøpt inn, men har me mulighet er det veldig greit å ha ei kjapp handleliste klar

første fødsel pakka eg kun med ting som kunne ligge klar i fødebagen, og som var god energi og slikt, som slike smurte knekkebrød og energibarer osv. Ting eg aldri spiser til vanlig og som aldeles ikkje blei spist under fødsel

så den tabben gjer eg ikkje igjen. Viktigste er å ha med mat ein veit går ned uansett, for det er neimen ikkje lett å få i seg energi under lange fødsler altså!