Hei gode Saltvann, ser dessverre ingen gravidstrek her... Men det er jo ikkje heilt over før TR kjem. Forstår at de vurderer ny klinikk når det blei så dumt forrige samtale.
Her er eg no i gang med kort antibiotikakur etter ein del fram og tilbake med klinikken. Kun kort antibiotikakur vaginalt på 5 dagar mot denne gardnerella-infeksjonen. Fekk beskjed frå klinikken om å ikkje bekymra meg, så det er iallfall bra. Det kjipe er at dette betyr at eg ikkje kan drikka vin i det heile tatt på nyttårsaftan, har knapt drukke alkohol i heile år, men ville drikka litt sjampis på nyttårsaftan. Drakk vin i går på trass!
Har i tillegg tatt eit drøss med blodprøvar (6 glass!!) og urinprøve og you name it, så blir iallfall gjennomtesta. Men no trur eg at me har fått tatt dei fleste testane, både mannen og eg.
Av positive nyheiter så fekk me visumet vårt til Russland i dag!! Hurra!

Det er jo eit ekstremt viktig steg på vegen mot egguttak... Og på søndag begynner eg på Synarela, blæh! Men sånn er det. Iallfall kortare runde med Synarela denne gongen.
Klemmar til deg og alle her!