Lovte å koma med oppdatering her også, i tillegg til i dagboka mi på skjult. Har skjedd mykje sidan sist her - sjølv om det er små steg på vegen. Har hatt Skype-samtale med sjukepleiar hos OLGA som tok seg god tid til å gå gjennom behandlingsplanen vår i detalj, det var fint! Me må ta mange fleire testar enn me har gjort så langt her i Norge. Var også hos min nye gynekolog som skal følgja meg opp her heime og ho skreiv ut alt av reseptar, så no er det på plass. Ho tok også ein ultralyd og ein del andre gynekologiske testar. Og på fredag kom mensen med eit brak.

Dessverre ingen mirakelbaby denne gongen heller, altså... Men i det minste var den ikkje forsinka, hadde jo vore kjipt om den skulle ha tulla til oppstarten.
Så no er eg offisielt i gang med behandling hos OLGA!!

Har kun tatt DHEA og kosttilskudd fram til no. Men no er eg altså i gang med P-piller, som kjennest veldig paradoksalt... Men dei skal ha nedregulerande effekt, så håpar veldig at det kan bidra til å boosta den påfølgande stimuleringa.
Ellers er me også midt i visumprosess og har no fått levert inn alt av papir og dokument til det russiske visumsenteret - me håpar at me kan få visumet allerede i romjula, me får sjå. Hadde vore ein lettelse å ha visumet på plass så snart som mogleg.
I tillegg tipsa min gynekolog meg om å prøva ut akupunktur, så no er eg i gang med det også!

Her skal alt prøvar denne gongen! Akupunktøren har samarbeid med OLGA, så det passar jo bra. Det var veldig uvant no første behandling, men absolutt avslappande, sjølv om det var litt vanskeleg å bli «tvinga» til å ligga i ro pga nålene i kroppen.

Men blir nok meir vant til det etter kvart. Skal tilbake like over nyttår.
Mannen har også vore hos sin fastlege og bestilt prøvar og i morgon skal eg til min fastlege for å gjera det samme. Så her går det unna midt i julestria!
For øvrig fann gyn ut etter testar at eg tydelegvis har ein bakterieinfeksjon i underlivet som heiter gardnerella, og dette bekymrar meg jo litt... Det er visst ein vanleg infeksjon og eg har aldri hatt ubehag. Men les samtidig at den i verste fall kan påvirka fertiliteten og blir litt skremt av dette.

Avventar svar frå OLGA om eventuell behandling med antibiotika, veit jo ikkje om det funkar så bra i kombinasjon med øvrig behandling... Er det andre her som har erfaring med gardnerella? Håpar berre at eg får eit tydeleg svar frå klinkken i morgon, kjipt å gå inn i jula med bekymring rundt denne infeksjonen i tillegg til alt anna...
Uansett, me jobbar oss framover steg for steg... Det store målet for denne første etappen er egguttak i St. Petersburg - med flest mogleg modne egg ut.
«Sikt på den neste bakken», er eit fint ordtak. Og eg prøver så godt eg kan å manøvrera eitt steg om gongen, men samtidig er det vanskeleg å ikkje hoppa langt fram i tid til ulike scenario i denne prosessen her... Men prøver å minna meg sjølv på å sikta på den neste bakken kvar dag...

Men ein del ting her krev jo planlegging, så dette med å sikta på den neste bakken inneber jo også planlegging fram i tid, så ikkje alltid like lett å halda på det livsmottoet.
Håpar så inderleg at 2021 blir året der store drømmar går i oppfyllelse for oss alle i «Vi over 38!!!»

