Første gong vart eg gravid då eg var 24, uplanlagt.
Andre gong prøvde vi minst 7-8 mnd, og eg hadde to SA før det klaffa då eg var 27.
Tredje gong vart eg gravid som 32-åring, etter prøving i ca 3 mnd.
I tillegg hadde eg ein SA nokre månader etter at eg fødte nr 3.
Og no, som 42-åring, er eg meir ivrig og utolmodig enn nokon gong, samtidig som eg veit at tida og statistikken jobbar mot meg. Testa i dag på 8 dpo, visste jo at eg fekk negativ, likevel vart eg superskuffa og skikkeleg motlaus.
Symptoma er pr no at tappen har trekt seg uvanleg høgt opp er litt avflata, blaut utanpå med fast kjerne. Eg har uvanleg mykje stikking og murring i magen, særleg mot høgre side, pluss trykk neders i magen. Ekstra mykje promping for tida også, når eg tenkjer etter. Og så byrja eg brått å blø naseblod i forgårs, noko eg ogå har gjort tidleg dei gongane eg har vore gravid.