Her blir det ERA-test som planlagt på tirsdag! Juba! Her jublar me for kvart steg som går som planlagt.
Tok progesterontest denne veka som viste at eg ikkje har hatt eggløsning og dermed kan ta ERA-testen som planlagt. Så no er hormonella i gang med både Progynova, Crinone og Aspirin… I tillegg til betablokker, vitaminar og kosttilskudd.
Kjenner meg trøtt og sløv og sur innimellom, men I’m hanging in there. I det minste er det lettare psykisk at det er IVF-relatert og at me beveger oss mot eit innsett. Skal på UL i morgon for å sjekka slimhinne og om eg har follikelvekst. Kryssar fingrane for at eg ikkje har follikel over 15 mm. Enten så skal dei voksa, eller så skal dei ikkje voksa desse folliklane…
Ikkje enkelt det her. Om eg ikkje har follikelvekst, skal eg ta sprøyte på tirsdag for å nedregulera systemet i forkant av fryseforsøk. Sprøyte i rumpa i tilfelle! Som mannen må ta på meg. Hjeeeelp!! Nervøs for alle desse stega framover… Får fokusera på ein ting om gongen! Det store målet no er å kunna gjera innsett 12. oktober!!!