Heisann! Ny her, og relativ ny prøver og.
Vi er eit skeivt par, som er akkurat starta opp med IUI, den 2. November. Denne gongen er ikkje eg den gravide, men like hønemor som sist gong!
Har eit barn frå eit anna forhold, då med ein mann, og dette barnet vart til utan prøving, so denne prøve-, og ikkje minst ventetida er veldig uvant og nervepirrande!
Vi har kjøpt ein slik pakke med 3 forsøk på Hausken, håpar det sett seg iløpet av den perioden! Om ikkje kjem vi nok til å gå offentleg, men det er jo mykje lengre ventetid.