Sit på storken med verdas beste baby (sjølvsagt) på brystet og berre kosar oss [emoji173]️ denne fødselen vart vel ikkje akkurat slik me såg for oss, men det var effektivt og eg er glad for alle ting som gjorde at me endte opp på Storken i staden for føden. Eg har hatt eit risikosvangerskap og trudde difor eg automatisk måtte på føden på kk. I tillegg var eg open for epidural og det får ein kun på føden. Fødselen starta så stille og rolig, så eg mistenkte ikkje noko før det starta med jamne rier. Sendte snap med søstra mi som er jm og skulle vera med på fødselen om at noko kanskje var på gang, og då reiste ho ned til meg med ein gong. Då ho kom hadde eg sterke og intense rier som varte ca 1min og kom med 3,5 min mellomrom. Opning på ca 6cm, mjuk og avflata. Kl var då 13.00. Me prøvde å ringe innleggingstlf for fødende, men der var det berre opptatt, så me reiste innover. På vegen ringte ho til barsel (der ho jobbar) og kom i snakk med vaktleder for føden. Det var veldig travelt og fullt på føde 1 og 2, så me måtte på storken. Ho fekk òg spm om ho skulle ta imot, og det var akkurat det me håpa på. Me var glad og spent begge to då. Vel inne på kk kom me oss omsider på avdelinga etter mange pustepauser og rier. Fekk fødestue og min kjære kom litt etter oss. Måtte få hjelp til å kle av meg, hang litt på preikestol og endte til slutt oppi senga. Det gjekk ganske raskt og eg gjekk inni meg sjølv for å klare smertene som kom ganske tett. Det var veldig spesielt å oppleve trykketrang, det var nesten som å kaste opp, berre motsatt veg. Samme muskelgruppe som arbeida for seg sjølv. Det var smertefullt, men eg brukte likevel berre ti min frå eg fekk lov til å presse og han kom ut. Litt smårifter vart det, men ikkje noko alvorlig. Søstra mi var super, min kjære var super, jm var super og babyen var seff deilig og god [emoji173]️ me var innstilt på føden, barselopphold utan far (kun i besøkstid), men me fekk det siste familierommet på Storken og her er me enno alle tre [emoji173]️ eg må vera her ein dag til for å få igang amminga, min kjære er litt usikker på kva han skal enno.
Alt i alt er me svært glad og fornøyd med korleis alt har gått, og no gler me oss til å vise lillebror til storebror i morgon [emoji173]️