Plutselig fruktbar

34+5 og høggravid! Då blir kvar nye veke til ny milepæl og så den store blir å kome til veke 37 slik at lillebror ikkje er prematur lenger [emoji173]️

Hadde berre denne forkjølelsen blitt ferdig snart [emoji33]
 
35+0 og ny veke! Vore på julegavehandel på Horisont og IKEA, ikkje godt for bekkenet som ikkje er då verst i utgangspunktet [emoji23] pluss forkjøla fortsatt, [emoji40] blir "tidlig" kveld i kveld [emoji106]
 
35+3 og ti veker lenger enn med storebror.
Kontroll jm i går og kk i dag. Alt er bra og har fått ny kontroll hjå jm 5. Januar. Vekstestimering viser at me får ein normalstor baby, så det er kjekt. No skal eg ikkje tilbake på kk før til fødsel. Så no er det å knipe att til me kjem over nyttår, så kan han få kome [emoji106][emoji4]
 
Ikkje heilt i form i dag, satser på at det er pga forkjølelsen og ikkje pga baby. Han skal fint få ligge i ro eit par veker til, takk [emoji106]
 
I kveld er fyrste gong eg har lagt merke til at han hikkar! Det var då rytmisk og over tid, så kan liksom ikkje vera noko anna.

Kjenner òg at det byrjar å bli tyngre å gå gravid. Bekkenet tålar mindre tråkking og belastning, og lillebror sparkar hardare og meir ubehageleg. Men som sagt, han får halde seg inne nokre veker til [emoji106]
 
c2602e16f60e70f69e937852d8ef9752.jpg


36+0 og ny veke!
 
8282b53da69cd40d41d7b792df222a3e.jpg


37+0 og ny veke, lillebror er ikkje lengre prematur!

Dette må vel vera den største milepælen for nokon som har født ekstremprematurt tidlegare [emoji173]️ no gjeldt det berre å få kome over i 2018 så skal eg ikkje klage på noko som helst [emoji28][emoji106]

Er plaga med halsbrann om nettene, og hovne hender, ellers er formen heldigvis fortsatt fin, sjølv utan progesteronstøtte. Skal få min kjære til å gå innom apoteket i morgon for å kjøpe noko mot halsbrann, viss ikkje eg tar turen sjølv [emoji4]
 
Gratulerer med den store milepælen! :) Har komt langt nå :)
 
37+3 og 12 veker lenger enn med storebror.
Ny kontroll hjå jm på torsdag. Fekk nettopp melding om at det blir hjå ei anna jm enn eg har gått til sette svangerskapet, så me får no sjå korleis det blir.
Har sove svært dårleg i natt, fekk litt halsbrann sjølv med Galieve innabords, vore kvalm, tissetrengt, tett i nasa. Nei, slitsomt rett og slett. Fekk heldigvis sove nokre timar samanhengande no på morgonen, så det var godt.

Elles er eg hoven i hender, og no har anklane mine byrja bli godt hoven på kveldstid. Sjølv om babyen er ferdig og kan komme når som helst måte, så håpar eg han vil halde seg inne ei stund til. Eg er på ein måte ikkje klar. Har gått lenge og passa på at me ikkje skal gå i fødsel og no berre ventar me på at det skal starte av seg sjølv - merkelig tanke.
Var redd fullmånen ville påverke noko, men han er fortsatt i magen [emoji106]
 
37+5 i dag og kontroll hjå jm.
Ho var nøgd med målingane og han ligg fortsatt i hodeleie, men er ikkje festa. Får ny time om to veker, blir spanande om eg får gått på det. Ingen teikn til fødsel enno [emoji106]
 
Det er kaldt og fint vær og energien er på veg opp. No gjeldt det å vera tålmodig nok til å halde seg i ro siste tida som gravid og ikkje føre til at fødselen startar før me er klar [emoji23] han kan godt holde seg inne til nærmare termin, då slepp eg bekymre meg for å byrje att på jobb før nyttår 2018 [emoji23] alt ein skal ta hensyn til [emoji16]
 
Er forresten 38+1 i dag og har kome i ny veke. Spennande å sjå kor nært termin me kjem til å kome [emoji23] har gjort ferdig ein del strikketøy og gler meg til å bli ferdig, men er ikkje klar for å føde enno [emoji4]
 
38+3 og 13 veker lenger enn med storebror [emoji173]️

Magen er langt nede og bekkenet er noko vondt, spesielt om natta når eg skal snu meg. Men det er godt å kunne kle på seg beinklede og vaske føttene utan at magen er i vegen [emoji106]
 
ee05f61122e6f016361365efb1eaeef2.jpg


39+0 og ny veke!
Venter berre på at fødselen skal starte av seg sjølv no. Er ikkje så mange teikn hjå meg enno. Litt fleire kynnarar og noko ømt bekken, ellers fin form. Har vel nedpress innimellom òg, men det går fint foreløpig.
 
39+2
Natta har vore prega av kvalme og vondt i magen. Eg har tenkt at det er matmagen som er vond, men det har ikkje komt noko når eg har vore på do. Er fortsatt kvalm og føler press opp mot ribbeina, som om han berre ligg der oppe og pressar, men har ein del nedpress innimellom òg. Håpar det vil gå over snart og at dagen blir betre, ellers får det ta seg opp og me kanskje er i gang med noko [emoji23] spennande!
 
Lykke til i siste innspurt, og med snarlig fødsel :D Måtte du få en drømmefødsel til termin denne gang :p Ikke lenge til 22.jan nå :)
 
Back
Topp