Ny UL i dag og heldigvis gode nyheiter! Slimhinna er allereie på 8.3 mm og ingen cyster og ingen store folliklar som kan skapa krøll med tanke på innsett. Hurra!!
Legen min skreiv at ho er «so in love with my endometrium! It’s so beautiful!» Skikkeleg IVF-nerdehumor, men hurra for at det endeleg er noko som ser topp ut i denne evigvarande prosessen og at kroppen har respondert som planlagt!!
Men! Det er sjølvsagt eit men her… Har fortsatt ikkje fått svar på ERPeak-testen, sjølv om eg har purra. No står og fell alt på den og på at eg tar medisinane mine som eg skal. Sistnevnte har eg heldigvis kontroll på… Verre med førstnevnte. Kryssar alt for at svaret kjem over helga!!
Så bra, Smuta!! Jeg har trua