Vi hadde det på same måte den første tida. Vi var først og sist ute med å få barn, hans vener hadde større barn, mine hadde ikkje fått barn enno.
Då guttungen var rundt 10 mnd fekk eg fingeren ut og gjorde noko med det. Eg svarte på ein "kontaktannonse" på eit babyforum der nokon leita etter andre mødre å trille på tur med på dagtid, og dermed var det gjort. Vi var ein meir eller mindre stabil gjeng som møttes ein del gongar, så begynte mange å jobbe igjen, mens eg og ei til fortsette å vere heime eller jobba kveld/helg så vi møttes ein del på dagtid. No, fem år etter, er vi framleis gode vener, har fått eitt barn til kvar, mennene våre går greitt saman. Vi har vore med dei på hyttetur nokre gongar, og eg sit av og til barnevakt for ungane deira. Eg er til og med fadder på yngstebarnet.
Ganske fantastisk at ting kunne utvikle seg sånn berre fordi eg turde å treffe ein gjeng framande for å trille på tur :o)
Då eldste var rundt 1 1/2 år begynte eg og å gå i open bhg, og då bedra situasjonen seg enno meir. Så no har vi plutseleg fleire familiar vi kan besøke i helgene, stikke på Dolly Dimple's saman med etter barnehagen ein dag, osv. I tillegg har no både broren min, samt ei barndomsveninne fått barn og, så det dukkar stadig opp fleire "kandidatar".
Om du føler at dåke er aleine med små barn, så gjer noko aktivt for å finne andre! Eg var vettskremt første gongen eg gjekk i open bhg (måtte ha med søstera mi som moralsk støtte), men eg er utruleg glad for at eg gjorde det, og for at eg fortsette å gå sjølv om det var litt "rart" i starten.
No veit eg ikkje kor gamalt/gamle barnet/barna ditt/dine er, men prøv å finne aktivitetar der du kan treffe andre med barn i same alder. Om det er babysang, turn, trilletur eller kafé med babyverden... Det fins alltid andre i likande situasjon, berre ein er litt ivrig og legg sjela si i å finne dei :o)
Lykke til med ein eventuell venejakt!