Like mother like son. Smakar ikkje godt. Han spytter alt ut. Er du heldig å få i han brekker han seg og det ser ut som han ikkje får puste, stakkar. Mannen var flink å få i han ein gong slik at alt gjekk ned, men han gjorde det fortare enn eg er komfortabel med. Eg er så redd han verkeleg skal få det ned i luftrøret og ikkje få pusta. Etter det har vi ikkje lykkast. ALT kjem oppatt etterpå. Så eg spør meg sjølv om det er vits i å gi tran i det heile tatt. Skulle gjerne hatt i han omega3 også, men kor mykje blir tatt opp viss han spytter ut og gulper opp alt han får uansett? Betre at han då faktisk får i seg d-vitaminene med dråpane. Og viss han får i seg omega3-en eg et, så er det jo berre ein ekstra dyttar for meg til å få i meg tran(kapslar).