Trøtt pappa

Solmari

Glad i forumet
Novemberlykke 2015
Ikkje heilt lett å vere mannen i huset om dagen. Siste veka har han vore på arbeid, samtidig som han har vore urolig for meg som er heime aleine med 2 barn og kanskje akuttur til føden. Snill som han er skulle han stå opp og få jentene på skulen idag. Minste er litt treg, så han vekte ho først. Kledde på seg og skulle ete. Så spør ho pappa om alle klokkene i huset er feil. Då har han altså stått opp med snuppa kl 05, og ikkje klokka 08!! Heldigvis tok dei det med godt humør, og eg stod opp med dei klokka åtte, og ingen kan klage på stemninga rundt frukostbordet idag ;-p
 
Back
Topp