Hei(snik frå anna forum). Eg har hatt svangerskapsdiabetes, som vart oppdaga i veke 12 pga sukker i urinen. Eg fekk sjokk, og blei redd. Men etter å ha googla masse, roa eg meg ned. Eg hadde 10,0 etter glukosebelastninga, og vart fulgt opp annan kvar veke hjå fastlege(blodtrykk og urinprøve) og annan kvar veke hjå diabetessjukepleier og ultralyd etter veke 21. Eg greidde å regulere det med kosten fram til veke 28, då måtte eg over på hurtigvirkende insulin før middag. I veke 35, hadde eg plutseleg heilt normalt blodsukker, tre dagar seinare fødte eg ei nydeleg jente på 3120 gram og 48cm. Ho hadde litt lågt blodsukker og gulsott, så me blei verande i 8 dagar. Det er tøft i starten, men etter kvart vert ein så vandt med å passe på karbohydrater og sukker, at det gjeng lett
Legane er usikre på om eg fødte prematurt pga svangerskapsdiabetes(som kan skje) eller pga hyppige kynnerar frå veke 16. Eg var sjukemeldt frå veke 26
bare spør om det er noko