Hoppar inn her. Du må nesten stilla dei medisinske spørsmåla til klinikken din.
![happy :happy: :happy:](/styles/default/xenforo/happy.png)
Har du ikkje mailkontakt med lege eller sjukepleiar, i tillegg til Skype? Eg har også klinikk i utlandet (St. Petersburg/Russland), og får tilsendt tydeleg behandlingsplan av dei som eg får gjennomgått i detalj av klinikken som viser både medisindose, type medisin og når eg skal gjera dei ulike ultralydkontrollane. Eg må også bestilla dei første ultralydkontrollane hos gynekolog her heime, får i tillegg hjelp av gynekolog i Norge til å skriva ut reseptar. Og så sender eg over rapport/bilde/video frå kvar UL til min lege på klinikken i Russland, som så bestemmer kva me gjer vidare. Og så kan eg stilla alle spørsmål direkte til legen min på mail også. Lykke til!!