Hadde vert kvalm eit par veker, før eg til slutt måtte gi beskjed rundt veke 9, for då kom blodtrykksfall i tillegg. Jobbar på eit kjøkken, så er litt mas og kav til tider, men då var eg nødt til å sette meg ned kvar gong. Kunne vere ein gong om dagen eller det kunne vere fleire, så var greit å gi beskjed så han ikkje skulle bli sur fordi eg gikk og satte meg midt i rushen liksom. I tillegg måtte eg gå og småspise litt kjeks, for å få i meg noke "mat"
Han tok det heldigvis veldig fint og ba meg som regel om å sitte lenger når eg sjølv følte meg klar for arbeid igjen, etter eit par minutt