Må melde meg ut for ein periode.
Har vore innlagt i ei veke no, med gallesteinsanfall som førte til ein langt skumlare alvorlig pankreatitt. Er sengeliggande med CRP på over 300 (den har heldigvis snudd), dren i lunga, kateter, smertepumpe (epidural), alt som er... Det er ikkje snakk om dagar, men veker til det kan komme på tale å skrive meg ut. Og etter det vil det ta enno lengre tid før eg faktisk er FRISK.
Så no er det umulig å oppnå 60 km, når det er ein stor seier å klare gangen fram og tilbake - med preikestol.
Men eg skal komme tilbake seinare. Må berre bli frisk.
Lykke til med resten av august til dokker andre!