Våkna i halv fem tiden i dag av nokon rare lydar og skjønte svært lite. Det pleier å vere det tidspunktet Arin våknar, men det kunne ikkje vera han. Måtte konsentrera med sikkelig for å høyre kva lyd det var! Det går opp for meg at det er knurring og Rulle er i rommet. Det er mørkt men eg klara å sjå konturene hans. Det skal seiast at eg ALDRI har høyrt katta knurra før og skjønte veeeeldig lite. Etter nokon minuttar med intens stirring ser eg at han har noko i munnen. Plutsleg slepper han det ned på golvet og "det" pilar rundt med Rulle etter. Får på lyset og ser at ser er ei jævla spissmus! Levande mus!!

Vekker Kenneth og han får Rulle med mus i munn ned trappa og ut luka. Der blir me ståande litt og sjå på Rulle som leikar med musa...
Han har tatt med ei dau mus inn når han var kattunge og ellers pleier han å legga dei på trappa ute. Dagens ææææsj og fysj!!!