Follow along with the video below to see how to install our site as a web app on your home screen.
Notat: This feature currently requires accessing the site using the built-in Safari browser.
Takk for så masse gode ord ❤
Kjenner eg er veldig veldig takknemlig for eit lokalt lite sjukehus! Me har hatt ein gynekologspesialist som eg har hatt alle UL'er med, hu som oppdaga MA begge ganger og hu som hadde utskrapningen begge ganger. Var godt å komme til ei som skjønte, og som viste ka eg gjekk gjennom sist. Avtalte at eg fasta heile veien sånn at eg kunne rett i narkose etterpå. Babyen kom til verden kl 11:40 og va heilt perfekt og nydelig❤ fekk komma til på operasjonssalen kort tid etter så alt har berre gått så fint
Er på vei heim nå, skal bli godt å komme heim til jentene mine, håper dei får oppleve samme fred midt oppi det vonde som eg gjer
Eg er ved veldig godt mot, veldig sliten etter å faste nesten eit døgn og kun sove nokre få timer. Men heldigvis er det snart kveld me har fått grønt lys til å starte prøving igjen så snart eg er klar for det, å då blir det blodfortynnande sprøyter fra dag 1.
Morkaka blei sendt inn for analyse, kjenner det hadde vært godt med noko svar sjølv om eg ikkje forventer det
Igjen tusen takk for alle helsingar, tanker og gode ord, setter så stor pris på det
Babyen fikk navnet Håp ❤
Kjenne eg e litt i tvil om eg skal skrive dette, for eg ønsker ikkje spre frykt. Men igjen trenge eg å dela og..
Fant ikkje hjertelyd med doppler på Fredag og kjente det stakk, sjøl om eg har lovd meg sjøl å ikkje bli bekymra.. men kjente ingenting liv i går og idag har eg merka på både kropp og psyke at noko e gale. Fant ikkje hjertelyd idag heller, så då va eg ganske sikker. Fekk komme til sjukehuset og UL bekrefta at baby er død. Dødde nok Torsdag eller Fredag
Har bedt om å bli satt kjapt igang og få utskrapning etterpå. Kjenne eg mentalt e meir forberedt, gjekk jo gjennom det samme i Juli, berre då kom me på OUL og baby hadde dødd i veke 15-16.
Men kjenne de heilt sjuk masse i forhold til jentene mine på 5 og 7 år. Stakkars. Og nå rett før jul. Detta blir tøft...
Det som har skjedd meg e så enormt enormt liten sjans for at skal skje! Begge gangene har eg hatt grundig UL i veke 12-14 og alt skal ha vært heilt fint! Så at det skjer med deg er iallefall lik 0! Håpe du klare væra bekymringsfri og nyta graviditeten og at ingen meir frykt skal få feste seg ❤
Trua mi på Jesus blir ikkje mindre av dette, me leve i ein fallen verden og sånn er det berre. Heldigvis er ikkje dette endestasjonen. Er utrulig takknemlig for at me har Jesus å støtte oss på nå, uten Han trur eg aldri eg skulle klart noko av dette..
Ver velsigna og takk for ei fin gruppe med mange gode samtaler ❤