Vaksinen er ikkje 100% effektiv, men ca 90 % (mest sannsynleg enda mindre for delta-varianten av viruset). Det vil seie at av 100 vaksinerte, er likevel 10 (eller evt fleire mtp delta) mottakelege for smitte. Desse får mest sannsynleg sjølv eit mildt sjukdomsforløp, men er like smittsomme som uvaksinerte smitta personar, og kan dermed spre smitte vidare. Om "alle andre" er vaksinerte, blir alt i alt færre folk smitta, mindre sjuke og faren for å motta smitte blir mindre for også uvaksinerte.
Men snakka akkurat med ei venninne som havna i karantene etter å ha vore i eit selskap med to smitta, vaksinerte personar. Det er ikkje eit heilt uvanleg fenomen, og etter kvart som samfunnet opnar meir og meir opp, folk samlast meir, aukar sjansen for å treffa på smitte for alle, inkludert uvaksinerte som gjerne vert sjukare. Så det er definitivt ein faktor mtp å vurdera vaksinering i graviditeten.
Litt rotete svar, men håpar det forklarte litt