Har dere på ungene vinterdress når dere fester de i stolen?*lykkeligst* skrev:
Starter dere bilen før dere går ut så den er varm?
Har dere varm garasje?
Har dere kupèvarmer?
Nei, ungane har ikkje vinterdress på i bilen. Eg har heller ikkje vinterjakke på. Eller, det hender eg har den på, men då opnar eg den så bilbeltet kjem inntil kroppen. Då ungane var små hadde vi babysetet inne, satte babyen (med vanleg innetøy + ulldress, hue, vottar og sokkar) i setet og la ullteppe oppå før vi gjekk i bilen. No som ungane er større har dei ulldress eller -genser på seg, og om vinteren har vi tepper liggande i bilen så dei har noko å ha over seg.
Dei få dagane i året det er skikkeleg kaldt og bilen er overfrossen hender det at eg startar den opp fem minutt før eg går ut. Eller eg startar den når eg begynner å skrape is. Hadde ein liten ovn før, men den er ødelagt.
Ingen garasje eller andre varmemuligheter.