Tipset mitt er grøt! Ein enkel type, eg pleier å lage muskelgrøt (smør, mjøl, melk) og ete det, legger eit "lokk" på magesekken som gir den tid å roe seg ned

Så er altså ingen permanent løsning men hjelper der og då og ei lita stund framover, greit til kveldsmat så ein får sove

Men ver obs på å ikkje spise deg
mett! Då får du motsatt effekt sidan det blir fult og alt eser oppover
Eg har heldigvis reseptbelakte medisiner mot halsbrann, men sjølv om dei ikkje skal vere farlige for gravide blir eg anbefalt både av lege og jordmor å ta minst mulig sidan det eigentleg aldri har blitt forska skikkelig på medisinbruk hos gravide

Pass på å aldri ligge flatt, men ha hodet/overkroppen litt heva; ha fleire puter i senga, når du ligger på sofaen bruk puter/armlen osv, då renner ikkje halsbrannen like lett oppover spiserøret. Unngå veldig feit mat samt sterk mat, og samtidig spis lite men ofte for å holde magen i sjakk
