Absolutt ikkje. Snart åtte år og lite interesse for slikt. Har litt vanskar finmotorisk (sjølv om ein del og sit i hovudet, han VIL ikkje prøve, så då er det heller ikkje rart at f.eks. handskrifta ikkje blir bedre), med hypermobile ledd får han fort vondt i hendene og fingrane når han teiknar/skriv/klippar, osv..
Han var fem år før han teikna eit menneske, det var første teikningen han laga der ein kunne sjå kva han hadde teikna. No teiknar han litt, men mest på skulen - når han likevel sit med ark og blyant er det mindre ille å teikne enn å skrive trur eg. Teiknar scener frå filmar og spel, lagar litt teikneseriar. Men det er definitivt framleis på strekmannnivå, og han er ikkje spesielt flink til å fargelegge.
Eg ser egentlig ikkje store problem med det, det er ikkje alle som bryr seg om å teikne. Litt verre er det sjølvsagt når barnet heller ikkje vil skrive, men fysio- og ergoterapeut og lærar er einige om at vi innfører pc til skulearbeid ganske tidleg. Det er ikkje mykje ein treng å skrive for hand no for tida...
Edit: Guten min ser forresten og dårleg, har no briller med styrke +7 på begge auger. Oppdaga ved 3 1/2 år, han var då tilnærma blind på eine auget. Trent opp igjen ved bruk av lapp frå 4 til 7 1/2 år og hadde det første året i alle fall veldig dårleg syn sidan han nesten berre fekk bruke det dårlege auget. Det kan sjølvsagt vere medvirkande årsak til motvilje mot finmotoriske aktivitetar.