Første foreldremøtet i bhg i fjor var vi ikkje innkalla til, då minien ikkje hadde begynt i bhg enda. I år trur eg foreldremøtet kjem når mannen er på sjø. Får eg barnevakt så stiller eg sjølvsagt.
Vi var med i 17.mai komiteen i bygda (vi flytta i desember i fjor), men greidde å gløyme alle møta. Flaut, men snakka med komitéledaren og sa det var veldig vanskelig å stille sidan mannen er sjømann, ikkje blir han heime på dagen og å stå t.d. i matsalget eller på kjøkkenet med ein på 1,5 år var litt.. vanskeleg. Baka kake og leverte, og feira dagen heime med foreldra mine i staden.
Ein må no engasjere seg. Er oppvokst med at om du er med på ein aktivitet (korps, kor, fotball osv), så må du ta din del av styrearbeid og slike ting som FAU går i same kategori.