Jenta vår var veldig ustø og datt og slo seg minst 10 gongar for dagen fram til ho var rundt 2 år. Ho har seinare fått påvist hypermobile ledd og har litt problem med balanse og koordinasjon. Er framleis veldig forsiktig av seg seinast i dag sa ho "Mamma, eg vil ikkje løpe så fort for då bare fallar eg." Så ho tar berre ting litt roleg og ser seg godt for (og held seg gjerne fast) når ho skal opp og ned trapper, gå i terreng osv. Ho har ingen problem med dette i kvardagen.
Guten vår var ikkje sånn som slo seg. Då han var 3 1/2 år oppdaga vi at han har veldig dårleg syn (+6,75 og +7,5, og i tillegg svært redusert syn på det eine auget). Hadde han ikkje begynt å skjele hadde vi vel ikkje merka noko før 4-årskontrollen. Han var derimot stø som eit fjell på beina då han var liten. Balansen var upåklageleg (gjekk ved 14 mnd og datt så å seie aldri), men han var og ein litt forsiktig type som alltid ville holde oss i handa når vi gjekk ute, i trapper, osv.
Hadde han vore ein tøffare type er eg 100% sikker på at han hadde smelt borti alt mulig og slått seg.
Sikkert lurt å sjekke synet ja. Vi sjekka lillesøster ved 3 år pga sein motorikk, samt at broren ser så dårleg, men der såg ting bra ut. Skal undersøkast igjen ved ca 4 år, er ikkje så lett å undersøke dei små ordentleg (men ein får jo ein viss peikepinn).