Smatte
Glad i forumet
Korleis er de i forhold til sol og baby. Her har det jo ikkje akkurat vore så mykje sol så langt i sommar, men i dag kom det ein del. Eg meiner at godguten ikkje skal vera ute i direkte sollys utan solkrem for eg meiner det ikkje er bra for han. Har dermed svigers og mannen mot meg på det. Skal nemnast det at guttungen ser ut til å vera ein like stor bleikfis som sine foreldre, og eg sjølv sitt no og kjenner på solbrentheten etter 20minutt i sola. *klør* ungen er ikkje seks månader ein gong. Eg syns han burde i det minste ha solkrem (og solhatt) på seg før han er ute midt på dagen i solsteiken. Vil ikkje ha ein unge med ubehag på grunn av ting som kunne vore unngått. Kva meiner de?