Nok ein vogntråd, men synest som sikkert mange andre at dette med vognvalget er vanskeleg. Ynskjer i utgangspunktet ein lett og nett 4-hjulsvogn kor sportsdelen er vendbar. Kjem til å brukast mest på asfalt og litt grus. Var og kikket på vogner i går, slo frå oss vogn frå stokke og emmaljunga då dei vart for tunge/store. Vart i grunn positiv overraska over Bugaboo Fox, større hjul og høgare bagdel enn chamelon. Vurdere i tillegg Uppababy vista som virka veldig nett og praktisk, men usikker på om bagdelen vert litt i minste laget og kalesjen gjekk berre opp til 90 grader, men ser på nettet at det finst solskjerm til. Favoritten var kanskje cybex prima etter kikkerunden i går, men det var sjølvsagt den dyraste òg. Lurte på om nokon har efaring med Uppababy vista eller Cybex priam ?