Håpefuglen
Blir kjent med forumet
Hei. Har termin imorga, og har i løpet av dei siste tre vekene på vekentlig basis trudd at eg kom til å føde minst ein gong i veka. Har hatt sammentrekninger som starter å bli litt vonde, men som stopper opp. Sann går det opp og ned og i følge jordmor og googlinga mi er det modningstegn som er positive å ha hatt når fødselen faktisk starter. Over til problemet, begynner å kjenne på at det er tungt å komme i gang med dagen, då eg så mange ganger har omstilt meg frå fødemodus til ventemodus. Det hjelper å finne på ting og kose meg litt, vere med venner etc. Men det er tungt å komme i gang med noko kvar gong og eg føler det er lite forståelse å få fra andre som er opptatt med livet sitt og sier at det nærmer seg uansett. Flere som har det slik så vi kan dele litt på opplevelsen? Er førstegangsfødende og mista to ganger i første trimester før denne graviditeten, så har vore engstelig stort sett gjennom heile graviditeten. Men alt har vore tipp topp. Er ikkje særlig redd lengre no, då eg ikkje har overskuddet til frykt og har kome i eit litt anna modus og tenker at menst sannsynlig går alt bra. Ønsker alle ein fin dag om du har ein liten bebis eller går i ventebobla.