Var hos fastlegen i dag for å diskutere litt problema til guten vår. Han meinte det ikkje er nødvendig å plage guten med blodprøver (eg kunne tenkt meg ein grundig sjekk av f.eks. vitaminer så eventuelle manglar blir oppdaga før vi begynner utredning pga åtferdsvanskar), så lenge han ikkje har vondt eller er veldig trøtt osv.
Spurde om råd for søvnen, då guten alltid har sove lite og no søv mellom 8 og 9 timar i døgnet som seksåring. Legen snakka om Melatonin, men sa så at det var litt kronglete å få sidan det ikkje er godkjent som legemiddel her til lands enno. Men vi kunne gjerne prøve Vallergan i nokre dagar for å sjå om det kunne hjelpe han til å finne roen om kvelden.
Gav han 2,5 ml tre kvarter før leggetid, 10 min etter han la seg sov han! Kvart over åtte! No må vi sjølvsagt ta med at vi nettopp har stilt klokka og han våknar ein time tidlegare om morgonen av den grunn, men uansett så er dette heilt fantastisk, det er minst ein time tidlegare enn vanleg!
Legen sa vi skulle prøve nokre kveldar og sjå kva som skjer. Viss han no faktisk får ein time eller to meir søvn i løpet av døgnet kan det jo hende at det vil virke positivt inn på "alt anna" og...
Er det nokon her med erfaring med Vallergan som innsovningshjelp?