Torsdag 16juni vrengte eg meg nedpå toalettskåla etter et kjapt vaktbytte på jobb. ca fire dagar sidan mensen skulle komme, men eg følte liksom at eg berre venta på den, slik som så mange ganga før, og eg kjente at tanta skulle komme. "men søren ta, eg har jo graviditetstestar! kvifor ikkje berre teste for morroskyld?"
eg tissa på glaset, dyppa testen, la den frå meg og sette på alarmen før eg starta å rydde badet.
**riiiiiiiing riiiiiiiing**, det gjekk liksom so fort. det var inga spenning i det. den var jo forventa negativt. Men så feil kan ein ta. der lyser to strekar i mot meg. eg kneka meg i auga, kjende føtene skjelve og fingrane sitra. "POSITIV?!?" ropar eg. vel vitande om at dei einaste som høyrer meg er kattane våre.
Eg ringer til bestevenninna mi som nett har kjørt forbi huset mitt... søren... utanfor dekning, eg burde jo visst det!
Ringer oppatt og håpar på at ho skal vere klar. neida.. skjelven har verkeleg tatt meg!
Telefonen ringer, og bestevenninna mi lurer på ka eg lurer på. eg svarar panisk: "Er du kommen longt? Eg har noko du må sjå på! EG HAR FULLSTENDIG PANIKK".
det går eit par minutt og venninna mi vrenger bilen inn på tunet, og går ut av bilen. ho har skjønt det. ho skjønte det ut frå telefonsamtala kva som var i gjerdet. Eg løftar testen mot ho, ho ser så vidt på den og svarar utan at eg spør "Strek er strek!". eg har lyst å skrike, eg har lyst å grine, eg har lyst å vere glad!! Eg har sett fram til denne dagen så lenge, og hadde bestemt meg kor glad eg skulle vere når eg fann ut at eg var gravid. eg følte meg slem, for eg reagerte ikkje slik som eg hadde forventa. JO eg var glad, men med gleda kom med ein gong redselen. tenk om det skal gå gale?
eg og samboer har ikkje vore aktive prøvarar, men vi har ikkje forhindra at ein liten skulle bli laga. vi ønsker begge barn, og livssituasjonen vår tilseier at vi i aller største grad har plass til ein liten kor tid som helst. men eg skulle so inderlig ønske min kjære var heime den dagen eg testa, slik at han fekk følge heile forløpet. han jobber offshore, og er vekke fjorten dagar i slengen, og gjett kva... Eg må bære denne hemligheita i nesten fjorten dagar. han reiste dagen før eg testa, og vi har ein avtale om at slike viktige hendingar tek vi ikkje over tlf/facetime når han er ute.
eg gleda meg veldig til å fortelle han den store nyheiten. no er det 11 dagar att, og eg kjenner det er vanskeleg! men eg er sterk, eg skal klare det! No håpar eg berre at vårt vesle bollefrø klamrar seg fast med nebb og klør der inne. er i følge kalenderen no 5+3, og symptoma melder seg i form av både av at eg er smådårlig og har sensitiv luktesans. stikningane i magen er vonde, og puppane såre. men ellers så føler eg meg ikkje særlig gravid. er redd for at redselen for at det ikkje går bra overskuggar symptoma, og at dei symptoma eg har berre er "hallusinasjonar". men eg bør vel stole på testen, den er jo framleis positiv. kontaktar nok lege i morgon og håpar på rask time til undersøking slik at eg kanskje kan slappe litt av. nokon andre med samme erfaringar?
håpar dåke vil følge reisa vår dei neste ni månadane <3