Litlefugl
Betatt av forumet
På torsdag var eg på ultralyd. Fekk dette dekka sidan eg er over 38 år. Fram til nå har eg jo ikkje fått bekrefta graviditeten på noko vis utanom dei to graviditetstestane eg sjølv har tatt, og alle symptoma eg har hatt. Altså ingen tvil om at kroppen er og har vore gravid, men ein veit jo ikkje sikkert om det faktisk er eit levedyktig foster inni der.
Eg gleda meg veldig, men dagen før byrja usikkerheita å melda seg. Kva om det var dødt, kva om det var ein tom fostersekk? Lettelsen og gleda ved å sjå fosteret dukka opp på skjermen, og så rett etterpå eit hjarte som slo, var heilt ubeskrivelig! Dette blir min fjerde unge, men usikkerheita vil alltid vera like stor. Eg har vald å takka nei til duotesten (blodprøven som avgjer kor stor sjans ein har for kromosomfeil 13, 18 og 21), men ville gjerne nytta meg av ultralyden. Eg fekk fyrst høyra at ein måtte takke ja til begge deler eller så mista ein tilbodet. Veldig glad for at eg fekk ultralyden sjølv om eg ikkje ville ta duotesten. Møtte på ei svært hyggelig jordmor som tok seg god tid. Alt ser foreløpig normalt og fint ut, og det var ein sprellande baby inni der, som tok skikkelige fråspark med beina under seansen.
Termin blei flytta frå 11. mai til 6. mai. Så då er eg allereie over 13 veker allereie.

så deilig med bekreftelse og bli flyttet frem.