Eg har ikkje begynt med trening enda.. Eg er heilt utsliten etter ein dag på jobb, så er det heim lage middag, leike med lillegutt, kveldsmat og kveldsstell, så leggetid for guttungen. Når han er komt i seng, føler jeg bare for å sitte i sofaen.. Men eg måå skjerpe meg! Kan ikkje vera så slapp heile svangerskapet.. Trening hjelpe jo til på at energien kjem att og.
Eg jobbar jo på kontor, så eg sit jo framfor ein pvc i 7,5 time for dagen, så dette er absolutt ikkje bra!
Forrige svangerskap gjekk eg veldig mykje fjellturar, kjem til å gjera det denna gangen og. Men må venta til snøen og isen er borte fyst. Så eg må finna på eit eller anna fram til dess.. Eg trena heilt fram til fødsel sist gang. Gjekk min siste fjelltur på 2 timar 8 dagar over termin, og da møtte eg opp på føden samme kveld med 8 cm opning.
Så eg trur det er ein sammenheng mellom trening og fødsel. Godt trente folk greier seg bedre gjennom ein fødsel, enn utrente gjer..
Eg hadde bekkenløsning forrige gang, og da var det berre fjellturar eg greidde. Då belasta eg bekkenet på ein heilt anna måte! Så alle med bekkenløsning, prøv å gå litt i bakkar, det kan faktisk hjelpe!