Eg er no 13+6 og har tidvis problem med å få til å tisse! Det er spesielt når eg våknar om natta fordi blæra kjennes ut som om den held på å eksplodere. Natt til i går sette eg meg på do (som ein jo gjer i slike tilfelle) og "opna slusene", men det kom INGENTING! Prøvde i 10-15 minutt (inkludert ein dusj med varmt vatn i området) før eg omsider klarte å TRYKKE ut litt. Det kom då nokre små skvettar (og sikkert hemorroider på kjøpet, slik som eg måtte trykke), men eg fekk ikkje tømt meg skikkelig. Fekk imidlertid ut nok til at eg klarte å sovne igjen etter ei stund.
Det har vore liknande dei siste nettene (natt til i går var det verste det har vore), og det hjelper ikkje å bøye meg framover eller bakover eller dytte i magen eller noko. Går ut ifrå at det må vere baby/livmor som presser og sperrar, men det er jo forferdelig ubehagelig (av og til vondt) å ikkje få til å tisse!
Er det fleire som har opplevd det og ev. har tips til kva i alle dagar eg kan gjere? Det er same tendens på dagtid og, men viss eg berre går på do før eg blir SKIKKELIG tissetrengt renner det som regel fint av seg sjølv. Men om natta våknar eg altså ikkje før eg er sprengt...