Tips til Vogn?

ORIGINAL: zuma

jeg har kjempe lyst på bugaboo cameleon men det eneste jeg lurer på er om noen syns sportsvogn delen på den har fort blitt for liten?


Det var noen her inne som nevnte dette, så jeg spurte min svigerinne og venninne som har denne vognen, og de syntes ikke det.
 
Eg har sett på Bebe confort Hightrek i butikk. Sportsvogndelen likte eg godt, for den kunne snuast begge vegar, einaste trehjulingen eg har funne der man kan det (men eg er ikkje ekspert altså=). Og det var dingser på styret/håndtaket så man kan endre hjulet frå låst til fast, og håndbrems etc. Men eg droppa den fordi eg ikkje likte bagen, den var så smal og "fasongsydd" liksom, som eit 8-tal på ein måte. Det var for at man skulle kunne bruke den i staden for bilsete i bilen (hadde aldri falt meg inn, skikkelig bilsete til beibien og det sa han i butikken også at var det beste). Han i butikken påstod at bagen var passelig lenge fordi den var lang og beibien vaks i lengden, men eg syns det såg trangt ut til pose og dyne og sånt.  
 
ORIGINAL: babyimagen10

Jeg har sett på urban jungle moutian buggy.OTH Den er veldig lett. Kan ligne litt på buggy boo,men er ikke så lav. Eneste ulempen er at man kan ikke snu sportsdelen begge veier.Men da den tas i bruk er jo barne 7mnd.BUGGA BOO er også veldig smal...tenker det kan kan bli en utfordring til vinteren??


Me skal ha Mountain Buggy Urban Jungle 2010[:)] http://www.mountainbuggy.com/urban_jungle.htm#

Eg er ikkje så stor og sterk så eg orka ikkje ha ei kjempestor tung vogn å dra på, og bur i 2. etg utan heis, så viss beibisn skal søva på altanen så må eg ha ei vogn som eg klara å få med meg opp og ned. Ho er lett og fantastisk å kjøra med svingbart framhjul og luftdekk:-) Og på 2010-modellen er handtaket sånn knekkledd i alle posisjonar, også nedover. Bra for sånne små folk som meg (160 på sokkelesten;-). Ho skal visstnok vera god for barnet å sitja i og (det håper eg jo!). Andre fine småting: Kalesjen kan stillast inn i mange trinn. Hjula er lette å ta av og akslinga kan skyvast inn når me skal fly nordover. Selen kan justerast når ungen veks. Lang sportsdel med nesten full liggelengde. Lett å legge saman, blir lav, men litt lang.

Sportsdelen kan ikkje snuast nei, og det kan hende at eg kjem til å savna det. Men på 2010-modellen kan man iallfall åpne kalesjen "bak" og skubbe den fram, liksom, så man kan ha kontakt med ungen likevel.
Den andre ulempa med vogna er nok at bagen ikkje er så stor (H 19 cm, B 41 cm, L 75 cm). Kanskje dumt sidan ungen veks ut av bagen midt på vinteren, men med ein god vognpose så håper eg det går bra likevel. Bur i Bergen så det er vanligvis ikkje så strenge vintra her. Viss ikkje det går så må me kanskje investera i ei bagvogn etter kvart, men uansett så vil eg ha MB som sportsvogn. Jepp, eg har nok berre falt for den[:)]
 
Back
Topp