Uff...den testen på forbrukerportalen må du virkelig lese med omhu!! Vær forsiktig med å stole blindt på vinnere og tapere der!! Det at "vinner"setet er eit reint framovervendt sete seier jo ein god del. Ganske trist og frustrerende at forbrukerportalen sin test faktisk motarbeider Trygg Trafikk sin absolutte anbefaling å bruke bakovervendt stol lengst mogleg!
Fleire seter har fått trekk for å være "komplisert" å feste i bilen, samt at dei tar stor plass i bilen. Desse to punkta kan trekke ganske mykje ned, noko eg tykkjer er heilt tullete! I mitt hovud er SIKKERHETEN det viktigste! Selfølgelig går det ut over sikringa dersom ein monterer setet feil, men dette er det mogleg å få hjelp til, og at folk som kan, ser over at det er riktig festa.
Ang. dei skadelege stoffa i BeLogic sete, så ja, eg må sei meg einig at det var ekstremt skuffande! Det er "tiltak" ein kan gjere for å redusere dette problemet.
* Vask trekket nokre gonger (med såpe kvar gong)
* Pass på at barnet alltid har på seg klær mellom stoltrekk/seler og huden.
No veit eg ikkje kvar på stolen desse stoffa er funnen, eg håper det kjem fram etterkvart, og at Acta Graco tar affære og IKKJE BRUKER denne type stoffer i framtidig produksjon.
Eit lite PS på slutten her:
Denne typen stoffer fins i VELDIG mange produkt retta mot barn, kan til dømes nemne sykkelvogner, barnevogner etc. Så neste gong du skal ut å handle, så går det an å spør i butikken om det er slike stoffer i produktet du er intr. i. Jo fleire folk som vert engasjerte, spør og "krever", dess meir MÅ produsentane ta hensyn til ;)