Sykemeldt?

Eg blei sjukemeldt 60% i januar pga bekkenløsning. Har kontorjobb med god muligheit for tilpassing av arbeidstid og arbeidsstilling. Frå 1. mars gjekk eg ned til 40% sjukemelding. Bekkenet er mykje betre, men eg har mykje kynnere om eg stresser eller anstrenger meg for mykje. Har funne ein blande som fungerer bra for meg nå, der eg stort sett har 1-2 timar heime for meg sjølv til å slappe av før ungane kjem heim frå barnehagen.

Har 2 barn på 3 og snart 6 år som må følgast opp. Har heldigvis ein skikkelig god fastlege som ser heilheita i situasjonen og gir meg den prosentandelen eg ber om. Det er tross alt eg som kjenner kva som fungerer i kvardagen :happy:
 
Back
Topp